Hei, det ser ut som du bruker en utdatert nettleser. Vi anbefaler at du har siste versjon av nettleseren installert. Tekna.no støtter blant annet Edge, Firefox, Google Chrome, Safari og Opera. Dersom du ikke har mulighet til å oppdatere nettleseren til siste versjon, kan du laste ned andre nettlesere her: http://browsehappy.com
Hopp til innhold
Arbeider i rød verneutstyr står og se ut på havet
No er det fleire gratis kurs tilgjengeleg frå Norges fremste leverandørar av utdanning.

Aktuelt

Nye vidareutdanningar for petroleumssektoren

4. nov. 2020

Tekna har vore sentral i utviklinga av nye vidareutdanningar for medlemmane innan olje og gass. Søk no og oppdater kompetansen med kurs som gjev studiepoeng.

– Vi i petroleumsnæringa er stolte av det høge faglege nivået vi har, men vi er no i ei tid der vi rettar oss mot nye marknader, nye teknologiar og nye produkt. Vi må derfor foredle og fornye oss, seier Lars Olav Grøvik, hovudtillitsvalt for Tekna i Equinor.

Finn aktuelt kurs for deg her!

Gratis påfyll

Som eit ledd i Regjeringa sin kompetansestrategi har det blitt utvikla vidareutdanning for fleire sektorar. Bransjeprogram for olje og gass fekk midlar over revidert budsjett, etter korona og kraftig oljeprisfall. No er det fleire gratis kurs tilgjengeleg frå Norges fremste leverandørar av utdanning.

Lars Olav Grøvik, hovudtillitsvalt for Tekna i Equinor.

– Vi er veldig fornøgde med at bransjeprogrammet sikrar tilbod til dei som allereie har ei lenger utdanning. Vi får moglegheit til gratis fagleg påfyll innan blant anna nye energiformer, karbonfangst og lagring, data science og programmering, seier Grøvik.

Mange nye tilbod

Etter ein haust med intenst arbeid med utvikling av kurs i tett samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringa er det no mange tilgjengelege tilbod. Det er korte fristar, og oppstart er allereie no i haust.

– At programmet rettar seg mot olje og gass betyr ikkje at dette gjeld berre for oss som arbeider i petroleumssektoren. Det er moglegheiter her for å lukte på nye områder for alle, og ikkje minst håpar vi at tilboda treff leverandørindustrien og. Det viktigaste her er at det er gratis og at kursa er tilgjengeleg både for permitterte, samstundes som dei er mogleg å gjennomføra sjølv om du står i jobb, seier Grøvik.

Programma fortsett i 2021

Tekna kravde at Regjeringa vidareførte satsinga på bransjeprogram i forkant av statsbudsjettet, og blei høyrd. Bransjeprogram for olje og gass blir vidareført i 2021, i tillegg til at det er vedtatt oppretting av bransjeprogram for maritim sektor.

– Vi er fornøgde med at satsinga blei vidareført. Vi ser på haustens tilbod i bransjeprogrammet for olje og gass som ein god start, og Tekna bidreg gjerne med innspel til innhald og utvikling av vidareutdanning i 2021, avsluttar Grøvik.

Les også

Relaterte kurs og arrangementer