Hei, det ser ut som du bruker en utdatert nettleser. Vi anbefaler at du har siste versjon av nettleseren installert. Tekna.no støtter blant annet Edge, Firefox, Google Chrome, Safari og Opera. Dersom du ikke har mulighet til å oppdatere nettleseren til siste versjon, kan du laste ned andre nettlesere her: http://browsehappy.com
Hopp til innhold
Dame i arbeidsdress, skrur på noe ved et vann

UKAS TEKNA-MEDLEM: Gøril Aasen Slinde er ukas Tekna-medlem: Foto: June Witzøe.

Ukas Tekna-medlem: – Eg var detektiv på jakt etter kjelda til ei miljøgift

PFAS er ei klasse med miljøgift som me finn i ulike produkter, mellom anna vannavstøytande klede, pappkoppar, skismurning og brannskum.

Hver uke stiller vi de samme 10 spørsmålene til ulike Tekna-medlemmer. Denne uka er det Gøril Aasen Slindes (36) tur: 

Utdanning: MSc i Miljøkjemi frå NTNU.

Yrke: Avdelingsleiar for Bærekraftige Geoløysingar på NGI.

– Kva er morgonrutinen din?

– Morgonrutinen min er i stor grad styrt av to små barn på 4 og 7 år, som skal i barnehage og på skule. Heile familien er utprega B-mennesker, så det er ein litt stressande affære, der alle skal komme seg i kleda, få i seg frukost, pussa tenner og komma oss ut døri i tide til at eldste startar på skulen. Når eg landar på jobb kan eg ta dagens første kaffe og starta på arbeidsdagen.

– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

– Eg har relativt varierte arbeidsdagar, men med hovuddelen av tida på kontoret. Eg har også dagar der eg er ute på feltarbeid, til dømes på ein byggeplass, på sjøen eller på eit deponi. Som mellomleiar på NGI nyttar eg også mykje tid på å snakka med folk om smått og stort, noko eg synes er veldig givande. 

– Kva jobbar du med akkurat no?

– Som avdelingsleiar jobbar eg mellom anna med strategi for avdelinga, oppfølging av økonomi, porteføljestyring og personalleiing. Eg jobbar også ein del i prosjekter. Til dømes skal eg og ein kollega snart holda kurs for bransjen om risikovurderingar av forureina grunn, og så har eg akkurat vore med på å utarbeida ein rapport om sigevatn frå deponier frå Miljødirektoratet.

– Kva gjer du for å bidra til bærekraft - smått eller stort? 

– Av store ting så jobbar me på NGI for meir sirkularitet innanfor geofaga med samtidig fokus på at me skal ta miljøgifter ut av sirkulasjon slik at dei ikkje utgjer ein risiko for miljøet. Av små ting i kvardagen syklar eg til jobb, og me forsøker å eta minst mogleg kjøt og mest mogleg sesongbaserte matvarer.  

– Kva er det morsomaste/raraste du har opplevd i jobben?

– Det artigaste prosjektet eg har hatt på jobb var då eg var detektiv på jakt etter kjelda til PFAS til Tyrifjorden. PFAS er ei klasse med miljøgift som me finn i ulike produkter, mellom anna vannavstøytande klede, pappkoppar, skismurning og brannskum. PFAS har ein rekke uheldige verknadar på organismar, og samtidig så brytes dei ikkje ned i naturen. I prosjektet starta me med å søka på internett etter moglege kjelder, før me køyrde rundt på Ringerike og snakka med folk og tok prøvar av vatn, sedimenter og fisk. Prosjektet gjorde me for Miljødirektoratet, og kjelda var ein nedlagt fabrikk som produserte pappkoppar.

– Kvifor valgte du dette yrket?

– Eg starta med kjemi på NTNU, og syntes miljøkjemi virka spanande. Som tidlegare miljødetektiv i Blekkulf låg nok den interessen der frå barndommen. NGI og eg valgte kvarandre etter ein fantastisk sommar med sommarjobb, der eg fekk utfordrande og varierte oppgåver ilag med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer. Etter den sommaren var eg overbevist om at NGI var min draumearbeidsgivar, og 10 år seinare er eg av akkurat same oppfatning.   

– Kvifor fagorganiserte du deg? 

– Eg har vore fagorganisert i Tekna heilt sidan eg var student, og då var eg studentkontakt på NTNU. Innsalget den gong var nok eit godt sosialt miljø blant studentkontaktane, der me fekk skapa møteplassar for våre medstudentar. Bieffekten var at eg fekk innblikk i den viktige rollen som fagforeiningane spelar i norsk arbeidsliv, og siden den gong har eg vore stolt Tekna-medlem og tillitsvalgt. Eg har vore tillitsvalgt i Tekna-gruppa på NGI i fleire år, men måtte trekka meg frå det vervet då eg vart avdelingsleiar. No er eg lokal tillitsvalgt i styret i Tekna Oslo avdeling.

– Korleis kan me best rekruttera barn og unge til å velga realfag? 

– Eg trur det er viktig å få born tidleg nyfikne på naturen og teknologien omkring oss. Til det er det avgjerande med dyktige lærarar som er gode ambassadørar for realfaga.  

– Viss du kunne stilt eit spørsmål til ein historisk person, kven hadde dette vore, og kva hadde du spurt om?

– Som kjemikarar ville eg spurt ut Kathleen Lonsdale om korleis ho laga syntetiske diamantar, og diskutert hennar interesse for benzen-molekylet. Som fagforeiningsmenneske og sogning skulle eg gjerne hatt ein samtale med Peder Andreas Blix om den gongen han samla ein god gjeng med arkitektar og ingeniørar og danna foreining.  

– Korleis trur du yrket ditt ser ut om 10 år?

– Eg trur dei faglege utfordringane er liknande som dei er idag, men at arbeidsflyten er heilt annaleis og mykje meir digital.