Hei, det ser ut som du bruker en utdatert nettleser. Vi anbefaler at du har siste versjon av nettleseren installert. Tekna.no støtter blant annet Edge, Firefox, Google Chrome, Safari og Opera. Dersom du ikke har mulighet til å oppdatere nettleseren til siste versjon, kan du laste ned andre nettlesere her: http://browsehappy.com
Hopp til innhold
Lars Olav Grøvik i kjent positur, smilende og gestikulerende med høyre hånden
President i Tekna, Lars Olav Grøvik

Aktuelt

Stiller ikkje til gjenval

Tekst av Lars Olav Grøvik, president i Tekna Publisert: 12. apr. 2023

Lars Olav Grøvik stiller ikkje til gjenval som president og forklarar her kvifor.

Kjære tillitsvalgte og medlemmar

Det nærmar seg to år sidan eg tok over stafettpinnen på eit lukka R-møte i eit nedstengt samfunn. Eg har nesten gløymt kor isolert og annleis vi hadde det på den tida. Valkomiteen spurte meg då om eg var villig til å bruke arbeidstida og delar av fritida mi til å bere Tekna framover i ein uoversiktleg situasjon. Sjølvsagt takka eg ja. Eg ønskte å vere med på å gjere ein forskjell.

Sjølv om pandemien var ei vanskeleg periode, opplevde eg samhald og felles forståing om at dette måtte vi løyse i lag. Men, sidan den tid har verdssamfunnet gått over til noko mykje verre. Krigen i Ukraina har ført til usikkerheit, inflasjon, dyrtid…og ikkje minst sorg for svært mange menneske.

Kva er viktig? Kven er viktige? Kva skal ein bruke tida si på? Korleis ser framtida ut?

Difor regnar eg med at fleire enn meg har tenkt mykje på livet det siste året. For i slike tider blir ein naturleg meir open for å tenke på det eksistensielle – sjølve livet. Kva er viktig? Kven er viktige? Kva skal ein bruke tida si på? Korleis ser framtida ut?

Eg har dei siste månadane gått fram og tilbake på brusteinane for å grunne på desse spørsmåla.

Etter kvart har eg erkjent at mitt største dilemma har vore om eg skulle følgje oppmodinga frå fleire om å fortsette som president eller om eg skulle prioritere annleis i mitt eige liv.

På ei side har eg i presidentrolla ansvaret for at dei store utfordringane får ei god løysing, og samtidig moglegheit til å bidra til eit endå betre samfunn for oss alle. På den andre sida har eg behov for å ha handa litt meir på rattet for meg sjølv.

Nokre av mine personlege mål med presidentgjerninga er blant anna at...

  1. Eg ville prate med folk. Eg står gjerne ved kaffimaskina og er i dialog på denne måten. Veldig lærerikt og inspirerande.
  2. Eg ville bygge lag. Med det meiner eg at summen av alle er sterkare enn den enkelte aleine. Eg har og løfta fleire andre talspersonar for å skape ei kraftfull breiside utover. Eg ville vere ein brubyggjar.
  3. Eg ville at berekraft skulle få ei viktig rolle i Tekna og blant medlemmane våre. Berekraft skulle bli ein integrert del av alt vi gjer og vere høgt på dagsordenen vår.
  4. Eg ville at vi skulle hjelpe dei svakaste, ikkje minst utanfor våre eigne grenser.

I sum er eg i dag tilfreds med mine eigne ambisjonar. Og sjølv om samfunnet har møtt svært store utfordringar, meiner eg at Tekna har klart seg veldig godt dei siste to åra.

Vi har støtta dei som har det verre enn oss – blant anna med våre tillitsvalte kollegaer i Ukraina gjennom direkte dialog og med politikk gjennom IndustriAll Europe. Vi har og bidrege direkte med pengestøtte. I Norge har vi løfta psykisk helse blant studentane og gjeve ekstra støtte til medlemmar og tillitsvalgte i verksemder som har utfordringar.

Vi har styrka berekraftsarbeidet. Vi er no i god posisjon og jobbar kvar dag for å nå dei ambisiøse måla mot 2030, blant anna gjennom medlemmane i sitt virke og kompetanse. Og gjennom at Tekna er ei samlande plattform og som løftar dei opp og fram. Påverking av samfunnet i ei berekraftig retning er eit langsiktig arbeid – og vi må halde tempoet oppe. Her bli vi eigentleg aldri ferdig.

Vi har lukkast med å svare på medlemmane sine behov og gjeve dei verdi. Dei tillitsvalte har blitt flinkare og sterkare. Vi har funne nye måtar som engasjerar frivillige medlemmar. Dette blei bekrefta tydeleg gjennom vekstrekord og at vi no har blitt 100 000 medlemmar.

Det har vore tre avgjerande forhold for framtida mi:

  • Sjølv om mange vil seie at Tekna er større, meir relevante og meir effektive enn nokon sinne, har eg dvela veldig mykje på om kva eg – i mitt liv - skulle bruke dei komande åra på.
  • Eg veit at mi type leiing og bakgrunn har vore nyttig gjennom ei uverstid med pandemi og krig. Men eg spår at framover vil mange ting stabilisere seg meir. Stormen roar seg, og det blir kanskje lettare å sjå kva veg Tekna skal utvikle seg. Grunnen er reda for ei god framtid for Tekna.
  • Eg er bestefar for nokre små prinsesser som eg har lyst å gje meir merksemd framover. Dei skal få lære litt meir om verda.

Eg har no bestemt meg for å sende stafettpinnen vidare og har gjeve beskjed til valkomiteen om dette. Alle fasar har sine eigne behov for leiarskap, og eg er sikker på at ei ny leiing vil dra dette store lasset vidare ut i frå den gode plattforma som vi står på no.

Sjølv har eg ikkje heilt tenkt å trappe ned - for det mange måtar å engasjere seg på. Krafta i frivilligheita mi er sterk. Ei engasjert sjel klarer aldri å skru av motoren.

Eg skal tilbake som rådgjevar i Equinor over sommaren. Men eg vil og fortsetje å vere tilgjengeleg for andre verksemder og organisasjonar med dei erfaringane eg har – spesielt innan teknologiutvikling, innovasjon, berekraft og samarbeid i arbeidslivet. Eg har naturleg nok ikkje bestemt meg heilt kvar enno.

Av små frø blir det store tre.

Til slutt vil eg sitere ein av Noregs store soner, Ivar Aasen:

Av små frø blir det store tre. Og Tekna har no blitt ei svært tre med 100 000 smarte medlemmar.

Tusen takk for tilliten, gode diskusjonar og dei fantastisk engasjerande åra i lag med dokke.

Vennleg helsing

Lars Olav Grøvik

Lars Olav Grøvik

President i Tekna

Les også