Hopp til innhold
Alle kurs og arrangementer

Te-kurs og omvisning i Bergen Skulemuseum

Bergen Skolemuseum, Bergen
Lavendel, teblader, tekopp og tekanne sett ovenfra på et bord.
Dette arrangementet er ikke lenger aktivt, se vår kalender for kommende kurs og arrangementer.
Egenandel
Kr 200
17. jan. 2024
kl. 18:00 - 20:00
Bergen Skolemuseum, Bergen
Bergen gamle latinskule frå 1706
Kursnummer: 46495
Kontakt: Karsten A Skogstad Sætre - 41500687

Bli med oss på kurs om te med Tedragen og omvisning i Bergen gamle latinskule frå 1706, Norges eldste skulebygning.

Te er ein særs tradisjonsrik drykk med mykje historie og anekdotar. Dette kurset tek for seg teplanten Camelia Sinensis.

Kurset vil mellom anna omhandle sjølve planten, kva blad som nyttast, prosessering av teblad for å lage dei ulike tesortane samt utstyr og skikkar knytta til tebrygging.

Det vert servert fleire typar te for smaking og høve for diskusjon. Om du ikkje er van med tradisjonell asiatisk te av høg kvalitet vil du nok få eit nytt syn på te etter dette kurset.

Les meir om Tedragen her

Det vert omvisning i museet.

I denne bygningen heldt Bergen gamle latinskule til frå 1706 fram til 1840. Her får du oppleva både skuleinteriøret og den fine leilegheita kor rektor budde saman med familien sin. Me visar fram nokre unike bokskattar frå skuletida. I 2.etasje har me mellom anna ei utstilling av vakre skuleplansjar!

Les meir om Bergen gamle latinskule her

På dette arrangementet kan du ta med deg ein, oppgi i påmeldinga kor mange du melder på (maks 2)

Velkomen til ein hyggeleg kveld!

Del