Sosial samling og bobler på Stord

Velkommen til ein sprudlande og lærerik kveld om boblene du har i glaset! Tekna Ung Sunnhordland inviterar sine medlemmar med følge til ein sosial kveld i Samhandlingsstova i Wärtsilä-bygget på Heiane.
Tekna Sunnhordland er no klar for å få si eiga Tekna Ung gruppa. Dette blir det fyrste arrangementet i regi av Tekna Ung Sunnhordland.
Dette er eit digitalt kurs, som me viser i opptak på storskjerm.
Kurshaldar er sommelier (og sivilingeniør) Rebecca Clasen, kjent frå Drueclasen på Instagram. Rebecca gir deg sine beste tips for å nyte boblene.
Du får smake 5 ulike bobler som finst i den musserande kategorien: cava, prosecco, cremant, champagne og PetNat.
Det vil og bli servert pizza.
Det blir god tid til å vere sosial, smake og prate med dei andre på kurset.
Kva er Tekna Ung? Les meir her
Har du lyst å vera med på eit Tekna Ung arrangement, men er over 37 år, så er du sjølvsagt velkommen likevel.
Velkommen til ein sosial og hyggeleg kveld saman med andre Tekna-medlemmar.