Tekna Ung: Britisk vin i verdsklasse

Frå overrasking til eksporteventyr!
Klimaendringane endrar ikkje berre vêret – dei endrar òg kartet over vinverda. Bli med Tekna Ung, når eit av dei mest spennande, nye vinlanda presenteres: England.
På berre få år har engelske vinprodusentar byrja å laga musserande vinar som kan konkurrera med sjølvaste champagne – og kvitvinar og raudvinar som gir burgundarane kamp om merksemda.
Overraskande nok er Noreg no det største eksportmarknaden for britisk vin. Me får tak i vinar frå produsentar som mange i verda knapt har høyrt om – og det i ei kvalitet som for få år sidan ville vore heilt utenkeleg frå britisk jord.
🗓 5. juni inviterer vinjournalist og sommelier Merete Bø til ei smaksreise gjennom dei britiske vinregionane. Me skal få smaka perlande bobler, elegante kvitvinar – og ikkje minst: landets beste raudvin. Som snacks vert det crackers og cheddar.
Dette er kvelden for deg som likar vin, men elskar å bli overraska. 🍷
Praktisk info
- Smakinga begynner klokka 18:00 presist, dørene opnar 17:30
- Det serverast snacks, men spis i forkant av kurset.
- Inviter med ein ven eller to, anten dei er medlem eller ikkje. Alle må melda seg på sjølv for å få rett pris som medlem eller ikkje.
- Denne gongen har me fått ein ekstra skjerm slik at det skal bli enklare å følge med!
- Kurset gjennomførast på norsk.
Vi gler oss!
Dette arrangementet er i regi av Tekna Ung (til og med 37 år), og arrangementet er hovudsakleg open for denne målgruppa. Sjå fleire arrangement i regi av Tekna Ung Oslo her!