
Oslo ved gruppe for realfag og teknologi inviterer til ein interessant kveld om studentsatellittar og romfart.
Vi får besøk av NAROM (Norsk senter for romrelatert opplæring) på Andøya og NTNU i Trondheim som skal fortelle om CanSat og CubeSat.
Det heile vert avslutta av eit inspirerande fordrag ved romfartsekspert Erik Tandberg rundt temaet til World Space Week 2017, utforsking av nye verdenar.
CanSat
Ein CanSat er ein satellittmodell som skal passe inn i ein brusboks, og som inneheld alle system som ein verkeleg satellitt inneheld. Elevar på vidaregåande kan delta i den nordiske CanSat-konkurransen der ein kan få reise til Andøya Space Center og få sendt opp satellitten ein har bygd med drone eller ballong.
NUTS
NUTS er eit studentsatellittprosjekt ved NTNU. I løpet av prosjektet er målet å bygge ein dobbel CubeSat først og fremst gjennom prosjekt- og masteroppgåver ved NTNU. Prosjektet er ein del av det nasjonale studentsatellittprogrammet hos NAROM (Norsk senter for romrelatert opplæring), saman med prosjektet CUBEstar frå Universitetet i Oslo og HINCube frå Høgskulen i Narvik.