Hopp til innhold
Alle kurs og arrangementer

Sosisal samling i Flatraket - Peiling på klassisk vin med Ingvild Tennfjord

Ingvild Tennfjord
Egenandel for Tekna-medlemmer
Kr 200
18. september
kl. 19:00 - 21:00
Påmeldingsfrist: 11. sep.
Gå til påmelding
Kursnummer: 50604
Kontakt: Martin Anders Nygård - 90719555

Er du Tekna-medlem og bur i ytre del av Nordfjord, så er det endeleg eit arrangement, som er i ditt område. Vi inviterar deg med følgje til ei sosial samling med vinsmaking i Flatraket Klubbhus på Naustteigen stadion, der føredragshaldar Ingvild Tennfjord er på storskjerm i Oslo og vi sit samla i Flatraket.

I århundre har Frankrike sett standarden for kva god vin er. Men kva er eigentleg greia med dei franske vinane? Kva gjer dei spesielle? Korleis finne din personlege favoritt?

Ingvild Tennfjord loser deg gjennom tre ikoniske stilar, druer og distrikt. Ho lærer deg å kjenne att kvalitet og korleis kombinere vinane med mat. Dette er vaksenopplæring.

Vi skal smake på tre ulike vinar, ein Chablis, ein Burgund og ein Bordeaux.

Kursholdar

Ingvild Tennfjord er Noregs mest leste vinjournalist, og ho har halde vinkurs for Tekna i mange år. Ingvild er morosam, kunnskapsrik og treffsikker.

Du kan ta med deg ein person på dette kurset.

Velkomen til ein lærerik og hyggeleg kveld saman med andre vinelskarar!

Del