Alle kurs og arrangementer
Sosial samling og bobler i Øvre Årdal

Dette arrangementet er ikke lenger aktivt, se vår kalender for kommende kurs og arrangementer.
Velkommen til ein sprudlande og lærerik kveld om boblene du har i glaset! Tekna Årdal avdeling inviterer sine medlemmar med følge til ein sosial kveld hos Samhold.
Dette er eit digitalt kurs, som me viser i opptak på storskjerm.
Du får smake 5 ulike bobler som finst i den musserande kategorien: cava, prosecco, cremant, champagne og PetNat.
Kurshaldar er sommelier (og sivilingeniør) Rebecca Clasen, kjent frå Drueclasen på Instagram. Rebecca gir deg sine beste tips for å nyte boblene.
Det blir god tid til å vere sosial, smake og prate med dei andre på kurset.
Velkommen til ein sosial og hyggeleg kveld saman med andre Tekna-medlemmar.