Sosial samling i Sandane - Peiling på klassisk vin med Ingvild Tennfjord

Endå ein gong inviterer vi deg som er Tekna-medlem med følgje til ei sosial samling i Sandane, der føredragshaldar Ingvild Tennfjord er i opptak på storskjerm i Oslo og vi sit samla i Sandane.
I århundre har Frankrike sett standarden for kva god vin er. Men kva er eigentleg greia med dei franske vinane? Kva gjer dei spesielle? Korleis finne din personlege favoritt?
Ingvild Tennfjord er tilbake for å lose deg gjennom tre ikoniske stilar, druer og distrikt. Ho lærer deg å kjenne att kvalitet og korleis kombinere vinane med mat. Dette er vaksenopplæring.
Vi skal smake på tre ulike vinar, ein Chablis, ein Burgund og ein Bordeaux.
Ingvild Tennfjord er Noregs mest leste vinjournalist, og ho har halde vinkurs for Tekna i mange år. Ingvild er morosam, kunnskapsrik og treffsikker.
Det blir enkel servering!
Velkomen til ein lærerik og hyggeleg kveld saman med andre vinelskarar!