Hopp til innhold
Alle kurs og arrangementer

Motivasjon og mennesketypar

Blir arrangert i Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Årdal

Streaming, Nettbasert
Dette arrangementet er ikke lenger aktivt, se vår kalender for kommende kurs og arrangementer.
Gratis og kun for Tekna-medlemmer
Kr 0
19. mars
kl. 17:30 - 20:00
Streaming, Nettbasert
Kursnummer: 49291
Kontakt: Ellen Hauge - +4793259613

Vi gjentek suksessen med å arrangere hybride medlemskurs på 4 ulike stader i Sogn og Fjordane samtidig. Vår dyktige kurshaldar Vibeke Holtskog er i Tekna sitt studio i Oslo, medan kursdeltakarane sit samla i Førde, Sogndal, Nordfjordeid og Årdal.

Motivasjon er drivkrafta bak våre handlingar. Det er ingen mystisk kraft. Motivasjon handlar om faktorar som må vere til stades for at vi skal nå mål og setje i gang endring, og behov som må dekkast for at vi skal utføre oppgåver med engasjement og arbeidsglede.

Sjølv om det finst ein del fellesnemnarar, er motivasjon i stor grad individuelt. Å bli medviten dine eigne motivasjonsfaktorar kan gi deg verdifull innsikt og verktøy for å setje grenser og kommunisere eigne behov.

Med kunnskap om kva som motiverer og stressar deg sjølv og andre, vil du kunne bidra til betre relasjonar på jobben.

Læringsmål

  • Kva er motivasjon?
  • Medfødde behov som er viktige for motivasjonen
  • Ulike mennesketypar, prioriteringar og åtferd
  • Dine personlege motivasjons- og stressfaktorar
  • Motkrefter, viljestyrke og motivasjonsvedlikehald
  • Kor kan utfordringar oppstå mellom menneske, og korleis kan du kommunisere for å betre dine relasjonar på jobben?

Dette kurset tek utgangspunkt i Everything DiSC som verktøy for åtferd og preferansar. Deltakarane reflekterer rundt eigen åtferd og prioriteringar for å forstå seg sjølv i samspel med andre.

Kursstader

  • Sogndal - Quality Hotel Sogndal, Gravensteinsgata 5, Sogndal
  • Nordfjordeid - Kommunestyresalen i Rådhuset, Rådhusvegen 11, Nordfjordeid
  • Førde - Thon Partner Hotel Førde - Viesalen, Hafstadvegen 26, Førde
  • Årdal - Teknologiparken, Verksvegen 5, Øvre Årdal

Praktiske opplysningar

Du kryssar av i påmeldinga kva kursstad du ønskjer å kome til. Vi startar med pizza kl 17:30. Kurset startar kl 18:00. Kurshaldar vil gi dykk oppgåver som de skal diskutere i gruppa, og det vil bli høve til å stille spørsmål til kurshaldar i SLIDO.

Skriv i tilleggsopplysningar i påmeldinga dersom du ønskjer vegetarpizza eller har nokre allergiar.

Tilbakemeldingar frå førre kurs vi arrangerte på denne måten:

  • Formatet med fleire lokale arrangement og felles foredragshaldar via stream fungerte bra.
  • Viktig med slido undervegs for å engasjere oss litt gjennom heile kurset.
  • Funka veldig fint å ha kurshaldar på skjerm.
  • Det var eit veldig bra kurs. Dyktig forelesar og programleiar. Flott sending. Vi ønskjer fleire slike kurs.
  • Positivt at kurshaldar heldt kontakt/dialog undervegs med slido.
  • Utruleg bra produksjonskvalitet og gjennomtenkt opplegg!

Kurshaldar

Vibeke Holtskog, tidlegare språklærar med vidareutdanning i retorikk, kommunikasjon og leiing. Ho er i dag ein anerkjent formidlar, og kvinna bak Holtskog AS. Vibeke har jobba med kommunikasjon og formidling i heile sitt yrkesaktive liv, og ho er brennande oppteken av å hjelpe menneske til å lukkast med sine ulike kommunikasjonsoppgåver. Ho er medforfattar av fleire lærebøker innan språk, motivasjon og didaktikk, både for grunnskule og universitet. Ho er aktuell med bøkene «Formidling som funker» (Universitetsforlaget 2018) og «Digital formidling som funker» (Universitetsforlaget 2021).

Velkomen til eit lærerikt kurs saman med andre Tekna-medlemmar i ditt distrikt!

Del