
Å strukturere møter er ei kunst. Lær kva som skal til for å halde gode, effektive og presise møter. Kurset vil vektlegge kva grep du kan gjere for å forbetre di møteleiing. Vi startar med middag kl 16.00. Kursstart er kl. 16.30.
Læringsmål:
- Forstå prosessen som ligg bak eit effektivt møte.
- Lær gode og praktiske råd for å gjennomføre effektive møter.
- Bli kjent med femfasemodellen “5FM” for gode møter.
- Forstå rollene som «speles» av personane i eit effektivt møte.
- Auk eigenforståinga av måten møter blir leia på.
- Du vil i stor grad bli utfordra på din eigen måte å halde møter på, og vi vil dele erfaringar med andre deltakarar.
Kurshaldar Stein D. Wesenberg er arbeids- og organisasjonssosiolog med over 20 års erfaring med endringsprosessar og prosjektleiing frå privat og offentleg sektor. Har brei erfaring frå forskjellige roller i endringsprosjekt, IT-innføringar, effektiviserings- og omorganiseringsprosjekt. Driver leiarutviklingsprogrammet «Leiing i praksis» på IØT (INDØK) ved NTNU, og underviser på Marknadshøgskulen i internkommunikasjon og kultur, samt endringsleiing på Master of Technology and Management (MTM) programmet til NHH/NTNU.
Velkommen til eit lærerikt kurs saman med andre Tekna medlemmar!