10. mars
kl. 14:00–15:30

Velkomen til ein ettermiddag i astronomien si ånd. Tekna gjev deg moglegheita til å besøke Observatoriet i Oslo, ei bortgøymd perle av ei bygning.

Meld meg på

Beskrivelse

Observatoriet i Oslo vart grunnlagt i 1833 og var i drift i nærmare 100 år. Det er den eldste monumentale bygninga som høyrer til Universitetet i Oslo (UiO). Christopher Hansteen, professor i astronomi og anvendt matematikk, en sentral person i norsk og internasjonal vitskap på 1800-talet grunnla observatoriet.

Bygninga vart restaurert, for vel 26 millionar kroner til UiO sitt 200-års-jubileum i 2011. I tillegg til restaurering av bygget vart også måleinstrumenta, frå rundt 1840, tilbakeført til original stand. Observatoriet brukast i dag til undervisning for elevar på barnetrinnet.

Tekna gjev deg her ei unik moglegheit til å få ei omvising i det flotte, nyrestaurerte bygget som vanlegvis ikkje er opent for omvisingar.

Praktisk informasjon: Omvisinga er tilrettelagt for barn i skulealder og oppover. Vi avsluttar med ein tur innom planetariet for barna som er med.

Omvisinga tek om lag 60 minutt, mens planetariet tar 30 minutt ekstra.

Observatoriet ligg ved i Observatoriegata 1 ved Solli plass sentralt i Oslo. Deltakarar oppmodast til å reise kollektivt.

Finn frem:

Adresse: Observatoriegata 1

Andre kurs og arrangementer innenfor dette emnet:

Realfag og utdanning

Kræsjkurs i FYS110

Realfag og utdanning

Kræsjkurs i MATLAB

25. feb.
kl. 16:00–20:00