Den bergenske kongeveg

Kvifor over Grorud og ikkje over Maridalen? Foredrag ved kulturhistorikar Geir Paulsrud frå Norsk vegmuseum.
Den bergenske postveg vart oppretta i 1647 og gjekk då ut i frå Kristiania over Grorud til Nittedal og Lunner og Granavollen og vidare opp langs Randsfjorden. Vegen gjekk gjennom Harestua og Grua som heilt frå eldgamle tider hadde drive jernutvinning. Med jernverk på 1500-talet vart det ein oppsving også for vegen. Likevel er det mykje som tyder på at det ikkje var særleg køyrande før rundt 1800. Noko som er seint i høve til Trondheimske kongeveg som var køyrbar hundre år før.
Som ein veit er det mange vegar over Maridalen og i Nordmarka. Kvifor gjekk ikkje postvegen der (eller over Lysaker der den seinare Drammensvegen gjekk)? Peder Anker fekk bygd Ankervegen i 1790-åra til Hammeren i Maridal og svigersonen Wedel Jarlsberg bygde vegen vidare i 1821 til Hakadal. Dette var ei kortare rute enn vegen over Grorud. Det var mange val ein kunne ta og dette har kulturhistorikarar grunna over i fleire generasjonar.
Fyst med ein brukbar køyreveg rundt 1800 fortenar han namnet Kongeveg. Dette statusen har han ikkje lenge, allereie i 1828 er postvegen flytta til den nye vegen over Krokskogen og Steinsletta på Ringerike. Den møter gamle kongevegen på Granavollen på Hadeland. Men no er det på siste verset som postveg til Bergen. Frå 1843 byrja posten å gå over Hallingdalen og Hemsedal likeså vel som over Valdres og Filefjell.