Hopp til innhold
Det Ukrainske flagget

Aktuelt

Tekna gjev 300 000 til Ukraina

Publisert: 20. des. 2022

Hovudstyret i Tekna har bestemt å gje 300 000 kroner til Ukraina, gjennom den internasjonale fagbevegelsen IndustriALL Global. – Vi vil støtte eit land der infrastruktur og energiforsyning i stor grad er slått ut, og der folket står i fare for å fryse og svelte. Ukrainske ungar risikerer ei jul utan lys og varme, seier president i Tekna Lars Olav Grøvik.

Donasjonen frå Tekna er ein del av ei internasjonal innsamling frå fagforeiningar over heile verda. Ukrainske fagforeiningar vil bruke midlane til å anskaffe blant anna generatorar, batterier, flyttbare kraftstasjonar, solcellepaneler, ladestasjonar og ladbare lys.

– Det er viktig at arbeidstakarar over heile verda no syner solidaritet med våre kollegaer i Ukraina, som står framfor ein svært vanskeleg vinter, seier Grøvik.

IndustriAll Global er ei samanslutning av fagforeiningar over heile verda, og representerar over 50 millionar arbeidstakarar over hele verden.

 

Les også: 

Tekna gjev 200 000 til Ukraina

Tekna fordømmer Russlands angrep på Ukraina

Les også