27. okt.
kl. 18:00–19:30
Streaming, VIDEO

Velkommen til foredrag om ei aktuell problemstilling, kan det bli for tett mellom husa?

Meld meg på

Beskrivelse

Ein viktig faktor som har styrt stadutvikling dei siste hundre åra er smittevern. Dei gamle byane var overfylte og tette. Mange har sikkert høyrt om fattigdom og sjukdom i det gamle Vika. Den moderne byen som oppstod etter krigen skulle ha avstand mellom husa, og også mellom arbeidsplass og bustad, og byen skulle ha bilen som eit bindeledd mellom heim og jobb. Dei siste tiåra har fortetting kome tilbake som ideal, til glede for mjuke trafikanten og grøn utvikling. Men med Covid-19 har tanken om smittevern kome tilbake. Kan det bli for tett mellom husa?

Om foredragsholderen:

Ronny Spaans, fyrsteamanuensis i nordisk litteratur ved Nord Universitet og tidlegare journalist i Dag og Tid. Som journalist besøkte Spaans 35 norske byar og bygder og skreiv om stadutviklinga og arkitekturen på desse stadene. Reportasjane kom ut i bokform med "Kjøpesenterlandet" i 2017. Han er enno fast skribent i Dag og Tid og skriv om byutvikling.

#

Sendingen kan dere se her; https://www.tekna.no/fag-og-nettverk/bygg-og-anlegg/byggbloggen/byfortetting-og-smittevern/